Vann-Nett

Vann-Nett er eit nettbasert kartverktøy som blir brukt i samband med vassforskrifta. Vassforvaltinga skal vurdere miljøtilstanden og dei menneskeskapte påverknadene knytte til miljømålet om god økologisk tilstand i vassdrag, kyst og grunnvatn, og informasjonen skal registrerast i Vann-Nett.

Systemet er ope for allmenta, og det er innsyn i data ned på nivå med kvar enkelt innsjø, delar av vassdrag og kystvassførekomstar.

Vann-Nett har ei eiga løysing som viser statistikk over miljøtilstanden og effekten av ulike påverknadsfaktorar på følgjande nivå: heile landet, vassregionar, fylkeskommunar, kommunar og vassførekomstar.

Det er miljøforvaltinga og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som eig Vann-Nett, men systemet er stasjonert hos og blir drifta av NVE.

Medverknad og tilgjengelege data 

Vassforskrifta stiller krav til medverknad i faglege vurderingar, avgjerder og gjennomføring av tiltak for å oppnå god miljøtilstand i vatnet. Vann-Nett sikrar faglege institusjonar, interessegrupper, myndigheiter og allmenta tilgang på miljøinformasjon og gir dei samtidig høve til å komme med innspel til arbeidet til vassforvaltinga.

Miljødata som er tilgjengelege i Vann-Nett, skal danne grunnlag for å planleggje og gjennomføre tiltak i vassdrag, kyst og grunnvatn.

Miljøtilstand og påverknadsfaktorar i vassførekomstane

I Vann-Nett er vassdrag, kystvatn og grunnvatn delte inn i geografisk avgrensa vassførekomstar. Vassførekomstane er einingar som kan forvaltast, og det blir knytt informasjon om miljøtilstand, påverknader og miljømål til kvar enkelt førekomst for å gi eit heilskapleg bilete.

Vassforvaltinga vurderer miljøtilstanden etter økologiske kriterium, som mellom anna førekomsten av fisk, vassplantar, plankton, næringssalt og miljøgifter. I Vann-Nett finn du informasjon om miljøtilstanden for kvart av desse temaa.

I Vann-Nett finst òg informasjon om alle kjende menneskeskapte påverknader og verknadene av desse, saman med ei vurdering av utviklinga i vassførekomsten knytt til målet om god miljøtilstand.

Rapportering

Vann-Nett blir brukt som verktøy for å rapportere miljødata til ESA. Systemet er tilpassa den europeiske databasen for miljødata i vatn, Water Information System for Europe (WISE). Formålet er å sikre at dataa blir registrerte i ei form som er tilpassa krava som blir stilte til rapportering i vassdirektivet.

Temakart og uthenting av kart

Du kan få fram ulike temakart i systemet, basert på data henta inn frå databasane til andre etatar og saksområde. Mellom anna kan du få innsyn i Miljødirektoratet sine data om bestandstatus for laks og om verneområde.

Systemet viser overvakingsnettverket som er tilknytt arbeidet under vassforskrifta, og du kan hente ut kart som viser miljøtilstanden og påverknadsfaktorane i eit område.

Vann-Nett og Vannmiljø

Vannmiljø er miljøforvaltinga sitt system for å lagre overvakingsdata i vatn. Vann-Nett og Vannmiljø leverer informasjon til kvarandre som ledd i arbeidet med å bestemme miljøtilstanden i vassførekomstane.

Informasjon som er knytt til den fysiske inndelinga i vassførekomstar, blir henta inn frå Vann-Nett for å knyte overvakingsdata til kvar definerte vassførekomst. Under prosessen med å vurdere miljøtilstanden blir overvakingsdata henta frå Vannmiljø til Vann-Nett som grunnlag.

Tema

Kategori