Rovbase

Rovbase er eit verktøy med viktig informasjon for forvaltinga av bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn. Databasen blir oppdatert av fylkesmannen, Statens naturoppsyn og Norsk institutt for naturforsking.

Rovviltopplysningar frå lokale kjelder

Mykje av informasjonen som blir lagd inn i databasen, er basert på opplysningar og tips frå lokale kjelder og enkeltpersonar og er eit viktig bidrag til kunnskapen om utbreiinga av rovdyr.

Databasen inneheld òg organiserte registreringar og laboratorieanalysar. Dei omfattar undersøkingar av husdyr og tamrein som er drepne av rovdyr, spor og sporteikn frå rovdyr som er undersøkte og godkjende av Statens naturoppsyn, og ekskrement og hårprøvar frå rovdyr som er samla inn av organisert feltpersonell og elgjegerar og via forskingsprosjekt.

Sjå grafar og kart og last ned tabellar

Dataa kan visast på kart, som graf eller lastast ned som ei Excel-fil. Ofte er det samanhengar mellom ulike data. Til dømes kan DNA-analysar gi informasjon om kor langt ein hannbjørn kan vandre, eller kva område ein gitt jerv har opphalde seg i.

Ein kan òg gå inn på datafanen som viser kadaver, og sjå om det er registrert jervskadar i same området som det er DNA-identifisert jerv, men denne datatenesta er ikkje laga for å analysere slike samanhengar. Derfor har vi lagt til rette for at data kan hentast ut til ei Excel-fil og reorganiserast og analyserast etter behova til den enkelte.

Viktig verktøy

Rovbase er eit forvaltingsverktøy som tek vare på informasjon som er viktig for forvaltinga av bjørn, jerv, ulv, gaupe og kongeørn. Rovbasen blir oppdatert av Fylkesmannen i det respektive fylket, Statens naturoppsyn og Norsk institutt for naturforsking (NINA) i samsvar med Noregs nasjonale overvakingsprogram for rovvilt.

Meir informasjon får du ved å kontakte Fylkesmannen

Dersom du ønskjer informasjon om detaljar eller har ytterlegare spørsmål, kan du kontakte Fylkesmannen i det aktuelle fylket som du ønskjer meir informasjon om. Rovbase viser òg enkelte data frå Sverige av individ som er identifiserte på grunnlag av DNA-analysar, men desse dataa er ikkje fullstendige.

Rovbasen er utvikla og drifta av Miljødirektoratet.

Tema

Kategori