Moseprogrammet

Langtransporterte tilførslar av miljøgifter til norsk natur er ein viktig bidragsytar til det totale miljøgiftnivået vi måler i naturen. Mose brukast som ein prøvetakar for tungmetall og organiske miljøgifter som kjem med lufta frå andre land.

Mose har ikkje røter og tek opp all næring frå lufta. Den kan binde mange tungmetall relativt sterkt og vil difor akkumulere desse stoffa. Mosa ser difor ut til å vere godt egna til å studere nedfall av metallforureining frå lufta.

Mykje av tungmetalla og dei organiske miljøgiftene vi måler i norsk natur kjem med luftstraumar frå andre land. Mose som veks i dei uberørte delane av landet vårt kan med sine eigenskaper fungere godt som ein indikator på slik miljøgifttilførsel til Noreg.

Miljødirektoratets overvåkingsprogram brukar etasjemosen (Hylocomium splendens) og den veks ein "etasje" per år. Slik kan ein også sjå på endringar frå år til år.

Landsomfattande undersøkingar

Det er målt tungmetall i mose over heile landet sidan 1977. Frå 1985 vart det etablert ein fast syklus med ny undersøking per 5. år. Dette har gitt eit godt bilete av tilførslar av tungmetall over tid. Eit høgt antal prøvepunkt godt spreidd over heile landet har også gitt god oversikt over den geografiske fordelinga av nedfallet.

Frå 2010 vart undersøkinga utvida til å også inkludere utvalde persistente organiske miljøgifter frå nokre av lokalitetane. Dette vart gjentatt i 2015.

Analyseprogrammet

Metalldelen av analyseprogrammet inneheld over 50 element, men med særleg fokus på 10 av dei: arsen, kadmium, krom, kobber, jern, kvikksølv, nikkel, bly, sink og vanadium.

Undersøkinga har tidligare omfatta 470 prøvepunkt fordelt over heile landet, men frå og med 2015 er dette redusert til 229 prøvepunkt. Prøvepunkta er på stader der det ikkje skal vere lokale kjelder til forureining. Dette gjer langtransportert forureining til hovudkjelde. 

I 2010 og 2015 vart det i tillegg undersøkt mose frå 20 lokaliteter nær industribedrifter. Hensikta var å undersøke lokal metallforureining frå bedriftene.

Den organiske delen av analyseprogrammet inneheld persistente organiske miljøgifter som bromerte flammehemmerar, PCB, perfluorerte stoff og klorparafiner. Miljøgiftene vart målt i mose frå 20 lokaliteter rundt om i landet. Som for metalldelen av programmet, så var også desse lokalitetene langt frå lokale utslepp.

Det vart i tillegg målt PAH i mose nær industribedrifter, tilsvarande industriundersøkinga av metaller.

Kvantifisering av nedfallet

I utgangspunktet gir metoden ei relativ fordeling av nedfallet på geografisk basis, og ikkje nøyaktige tal for storleiken på nedfallet. Ved å kalibrere konsentrasjonar av tungmetall i moser med konsentrasjonar i nedbørsprøver kan ein likevel rekne på dette.

Det kan gi tal som viser nedfall per areal og tidseining.

Samarbeid med andre land

Fleire europeiske land har delteke i undersøkingane gjennom Konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar (LRTAP). Fleire enn 20 land i Europa deltek i desse undersøkingane på metall.

Per dags dato berre Noreg som undersøker organiske miljøgifter i mose.