Betong kan vere forureina av miljøgifter, men mykje er så reint at det kan brukast til nyttige formål under visse føresetnader. Foto: Aidan Whiteley, Flickr

Anna materialgjenvinning

Materialgjenvinning av blant anna betongavfall til nyttige formål kan redusere behovet for å bruke andre liknande materialar. Eit eksempel er der betong blir brukt som erstatning for pukk og grus som berelag eller forsterkingslag under vegar. Alle som vil bruke betongavfall, må søkje om løyve dersom bruken kan vere skjemmande for omgivnadene eller gi skade eller ulemper for miljøet. Miljødirektoratet er forureiningsstyresmakt i dei fleste slike saker.