Avlsprogrammet for fjellrev - årsrapport 2015

Avlsprogrammet vart oppretta i 2005 som eit tiltaksbasert FOU-prosjekt for å bidra til bevaring av den sterkt utrydningstruga fjellreven i Noreg. Programmet driftar ein avlsstasjon på Sæterfjellet (Oppdal), med store hegn i eit naturleg fjellrevhabitat.

Minst mogleg handtering av avlsdyra og maksimering av trivsel er vektlagt. Programmet byggjer på villfanga kvalpar, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen som er att i Noreg og Sverige. I 2015 vart det rekruttert tre villfødde kvalpar og to frå eigen avl til avlsstasjonen. Totalt er det henta inn 28 villfødde og 23 kvalpar frå eigen avl som avlsdyr til programmet. Rekruttering av villfødde kvalpar er viktig for å oppretthalde avlsliner i stasjonen og av omsynet til å unngå negative effektar av avl i fangenskap.


Type:
Oppdragsrapport
Nummer:
M-574
Språk:
NN

Publisert:
16.02.2017 00:00:00
Forfatter:
NINA
Opphav:
Miljødirektoratet
Omfang:
36

Last ned
Dokumentformat: .pdf

Relaterte lenker