Fekk EMAS' miljøpris

GRIP Senter, Oslo og Kraft Foods Norge AS, Disenå i Sør-Odal er tildelt EMAS' utmerking for 2007. Utrmekinga vart utdelt under ein sermoni i Lisboa 19. november.

Utmerkinga vart tildelt på grunnlag av miljøutgreiinga dei leverte inn til EMAS-registeret i Brønnøysund.  SFT er med i juryen som kåra dei nasjonale vinnarane. Eitt av tema som vart vektlagt i år, var avfallshandteringa til verksemdene.

Frivillig ordning for miljøregistrering

Eco-Management and Audit Scheme (EMAS) er ei frivillig ordning for miljøregistrering av verksemder innan EU. Gjennom EØS-avtala kan også verksemder frå Noreg delta i ordninga.

Det er 25 EMAS-registrerte verksemder i Noreg. I EU er det registrert ca. 5500 område fordelt på i underkant av 4000 verksemder.

Tema