Miljøreguleringar god butikk

Erfaringar frå Europa viser at miljøreguleringar kan hjelpe til å redusere kostnadene og risikoen til bedriftene, gi konkurransefordelar, samt skape nye gode arbeidsplassar og teknologimarknader.

Det er hovudbodskapen i ei oppsummering utarbeidd av EPA-nettverket, som består av leiarar frå miljødirektorat i 26 europeiske land. Nettverket omfattar institusjonar som til dagleg arbeidar med gjennomføring av miljøpolitikken. Direktoratet for naturforvaltning og SFT deltek i dette nettverket frå norsk side.

Suksess i fleire bransjar

Nokre bransjar har vakse kraftig som følgje av nye miljøkrav, for eksempel leverandørar av reinseteknologiar og avfallssystem. Danmark si satsing på vindkraft har gjort landet internasjonalt leiande på vindturbinar. EPA-nettverket har funne ei rekkje eksempel på at krav til energieffektivitet og avfallsreduksjon har kutta kostnader og hjelpt til utvikling av meir effektive teknologiar og system.

Bringar inn norske erfaringar

Som ein følgje av EØS-avtalen, deler Noreg i praksis det meste av EU-regelverket som gjeld forureining, avfall og helse- og miljøfarlege produkt.

- SFT deltek i ulike ekspertgrupper og komitear knytt til oppfølging og utvikling av regelverket, i regi av EU-kommisjonen. Vi vil bringe erfaringane våre inn i EPA-nettverket og andre internasjonale fora knytt til oppfølging og utvikling av miljøreguleringar, seier SFT-direktør Håvard Holm.

SFT sitt miljøteknologiprosjekt

SFT har ei eiga prosjektgruppe for miljøteknologi, som blant anna vurderer korleis norske reguleringar kan utviklast for å auke etterspørselen etter miljøteknologi. Erfaringar frå dette prosjektet viser at reguleringar bør utviklast i dialog med næringslivet, og på ein slik måte at dei ikkje skaper ulike vilkår for konkurrentar i same marknad.

Tema