Tradisjonell gardsdrift gav pris

Tradisjonell gardsdrift gav pris

Det særmerkte, bratte landskapet ved Ulvund gard i Voss kommune har i alle år vore drive på tradisjonelt  vis, utan traktor. Garden og grunneigarane har no fått Kulturlandskapsprisen for Hordaland.

Juryen la i grunngjevinga si vekt på gardbrukarane sin mangeårige innsats for å skjøtte slåttemarker og styvingstre, og peika på den store verdien arbeidet deira har for naturmangfaldet vårt. Ei rekkje trua og sårbare artar er knytt til slåttemarker, og er avhengige av skjøtsel for å overleve.

Gardbrukarane nyttar framleis den tradisjonelle kunnskapen om hesjing og lauving i den daglege drifta. Drivarane har og delt kunnskapen og erfaringa si med andre, noko som mellom anna har vore viktig for utviklinga av det regionale miljøprogrammet for jordbruket i Hordaland.

Allereie i 1993 vart Ulvund  gard registrert i ei nasjonal kartlegging av verdifulle kulturlandskap. I fjor kom garden med i den nasjonale handlingsplanen for slåttemarker.

Les meir om tildelinga på nettsidene til Fylkesmannen i Hordaland

Relaterte lenker

Tema