Forvaltninga skal merke inntil fem villrein med GPS-sendarar i Nordfjella sone 2. Foto: Olav Strand, NINA

Merker villrein i nordfjella sone 2

Inntil fem villrein i Nordfjella sone 2 skal merkest av forvaltninga med GPS-sendarar. Formålet er å overvake og kartleggje rørslene til villreinen, for å unngå at den vandrar inn i sone 1.

Saneringsplanen

Landbruks- og Matdepartementet avgjorde å følgje dei faglege råda om uttak av villreinstamma i Nordfjella sone 1 etter at skrantesjuke er påvist.

Skrantesjuke, Chronic Wasting Disease (CWD), er ein smittsame prionsykdom som rammar hjortedyr. Sjukdomen er dødeleg og vil ikkje forsvinne av seg sjølv.

Målet er å avgrense og om mogeleg utrydje skrantesjuke hos hjortevilt i Noreg.

Delmålet er å utrydje villreinen i sone 1 i Nordfjella og etablere ei frisk og stadbunden stamme på nytt etter at området har lege brakk i minimum fem år.

Miljødirektoratet, ved Statens naturoppsyn, leier det praktiske arbeidet med å gjennomføre vedtaket.

Villreinbestanden i Nordfjella sone 1 er no teke ut, men med omsyn til smittefaren er det viktig at dyr frå sone 2 ikkje trekkjer inn i området under den komande brakkleggingsperioden. Det vil bli ført omfattande tilsyn for å hindre at dette skjer.

– I periodar med dårleg vêr er det ikkje mogeleg å gjennomføre tilsyn. Sone 2 er relativt smal, så dyr på trekk kan flytte seg svært raskt gjennom heile området. Derfor er det heilt nødvendig å kunne følgje villreinen i sone 2 ved hjelp av elektronisk overvaking gjennom fasane med brakklegging og etablering på nytt, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Ising på radiosendarane

Norsk institutt for naturforskning (NINA) har merkt rein med radiosender i fleire fjellområde. Hos eitt av dyra som blei felt i sone 1 hadde det samla seg eit omfattande islag rundt sendaren. På bakgrunn av dette funnet kontrollerte NINA alle villrein med radiosendarar i alle villreinområde. Hos alle i sone 2 blei det funnet is, men ising er ikkje registrert i nokre av dei andre områda.

NINA beslutta å fjerne alle sendarar på dyr i sone 2, ved hjelp av funksjonen med drop-off i halsbandet eller å felle dyra dersom drop-off ikkje verka. Derfor er det ikkje lenger nokre operative sendarar på villrein i sone 2. Det gjer det vanskelegare å overvake dyra.

For å unngå problem med ising skal det nyttast ein annan type sendarar under denne merkinga. Desse er blant anna utstyrt med dobbelt sett med drop-off. I tillegg vil Miljødirektoratets feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) etablere gode rutinar for visuell kontroll av dyra med sendarar så dei raskt kan setje i verk førebyggjande tiltak.  

Har vurdert dyrevelferda

– Dyrevelferda i samband med å merke dyr i dette området er grundig vurdert. Vi kan sjølvsagt ikkje garantere at vi unngår ising med nye halsband, men uvissa blir minimalisert med nytt materiell og nye rutinar, seier Hambro.

Dyr som eventuelt vandrar over til den "ureine" sone 1 vil bli felt.

Når brakkleggingsperioden er over, skal villreinbestanden i Nordfjella sone 1 bli etablert på nytt. Det er viktig at disse dyra er frie for skrantesjuke og helst er av same opphav som dyra som levde i Nordfjella sone 1. Derfor skal det drives over dyr frå Nordfjella sone 2, gitt at bestanden der blir friskmeld for skrantesjuke.

Merking i regi av SNO

SNO har ansvaret for å merke dyra. Det vil bli brukt helikopter, og i tillegg er det aktuelt å nytte snøscooter. Dette vil skje i regi av Statens naturoppsyn med heimel i Lov om statleg naturoppsyn § 3, fyrste ledd.

Merking av dyr er regulert i dyrevelferdslova § 10. Merking av villrein der formålet er å vareta forvaltninga sine formål fell utanfor verkeområdet til forskrift om forsøk med dyr. Slik merking krev derfor ikkje førehandsgodkjenning etter denne forskrifta.

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgjevar Erik Lund
viltseksjonen
telefon: 920 89 834

seksjonsleiar Kjartan Knutsen
seksjon for naturtilstand fauna i Statens naturoppsyn
telefon: 958 20 521

Tema