Klimagassutslepp ned 1,6 prosent

Dei norske utsleppa av klimagassar gjekk ned med 1,6 prosent i 2017 sammenlikna med 2016. Utsleppa var 3 prosent høgare enn i 1990.

I 2017 var utsleppa til saman 52,7 millioner tonn CO2-ekvivalentar frå norsk territorium, synar nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

 

Kvotepliktige og ikke-kvotepliktige utslepp i 2017

Noreg har i klimaloven et mål om å kutte klimagassutslepp med 40 prosent frå 1990 til 2030. 

Ved ei felles oppfylling av klimamål med EU vil Noreg få ei forplikting om å halde utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor samla under eit gitt nivå for perioden 2021–2030 gjennom EUs innsatsfordeling (Emission Sharing Regulation, ESR).

Noreg er siden 2008 med i eit forpliktande samarbeid for å redusere kvotepliktige utslepp, gjennom EUs kvotehandel (EU-ETS). 

De totale utsleppa blir splitta i kvotepliktige og ikkje-kvotepliktige utslepp for å kunne vite hvilke utslepp som kjem inn under dei ulike ordningene.

I 2017 var utsleppa i millioner tonn CO2-ekvivalentar som følger:

 

 

Kvotepliktige utslepp

Ikkje-kvotepliktige utslepp

Olje og gassutvinning

13,7

1,0

Industri og bergverk

11

1,1

Energiforsyning

0,7

1,2

Oppvarming

0

1,0

Veitrafikk

0

8,8

Luftfart

1,1*

0,2

Sjøfart og andre mobile kilder

0

5,8

Jordbruk

0

4,5

Andre kilder

0

2,9

Total

26,5*

26,3

*Kvotepliktige utslipp inneholder ikke-kvotepliktige  CO2-utslipp fra sivil luftfart.

Relaterte lenker

Tema