Lakseparasitten Gyrodactylus salaris vart oppdaga i Lærdalselva i 1996. Foto: Anders Gjørwad Hagen, NIVA.

Stor markering ved Lærdalselvi 30. oktober - presseinvitasjon

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen blir med på markeringa ved Norsk villakssenter i Lærdal måndag 30. oktober klokka 11. Vi håper elva kan friskmeldast etter at laksen har vore infisert av parasitten Gyrodactylus salaris.

Norsk villakssenter

Ligg inst i Sognefjorden på breidda av Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvene i Noreg.

Gjev dei besøkande innsyn i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket. 

Lakseparasitten vart oppdaga i Lærdalselvi i 1996. Siste prøveuttak er gjennomført etter at elva vart behandla med aluminiumsmetoden.

Vi planlegg ei markering ut i frå at resultata frå prøvene er positive.

  • Stad: Norsk villakssenter, Øyraplassen 14, 6887 Lærdal. Ligg 100 meter frå sentrum ned mot elva - i Lærdal kulturhus. Kart: 
  • Tid: Måndag 30. oktober klokka 11-12. Etterpå vert det eit fagseminar frå 12 til 14.

Bilder av Lærdalselva, laks og Gyrodactylus salaris til fri bruk

Program – ute ved elvebreidda

11.00: Markering med klima- og miljøminister Vidar Helgesen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Lærdal kommune, Lærdal elveeigarlag, Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for vannforskning (NIVA).

11.20: Kaffi og mat i Villakssenteret. Høve til å intervjue statsråden og dei andre.

Program – fagseminar i kinosalen i Villakssenteret

12–14: Med statsråd Vidar Helgesen og dei ulike fagetatane, kommunen og elveeigarlaget om kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og bevaring av fiskebestandane.

Nedkjemping av Gyrodactylus salaris

  • Mattilsynet har ansvaret for å overvake, førebygge og setje inn tiltak for å avgrense spreiing av smitte.
  • Miljødirektoratet har ansvaret for tiltak for å utrydde parasitten, bevare laksebestandane, samt bygge opp att bestandane etter behandling.
  • Fylkesmannen i den respektive smitteregionen er tiltakshavar for behandlingsaksjonar mot parasitten, samt bevaring og re-etablering av fiskebestandane.
  • Veterinærinstituttet er nasjonalt kompetansesenter for genbank for villaks og for kjemiske tiltak mot parasitten. Gjennomfører behandling og program for overvaking, friskmelding og reetablering av fisk på oppdrag for Mattilsynet og Miljødirektoratet.
  • NIVA har sidan midten av 2000-talet vore leiande på skånsame behandlingsmetodar mot Gyrodactylus salaris. Aluminiumsmetiden er eit nytt verktøy.

Relaterte lenker

Pressekontakt

Miljødirektoratet: Kommunikasjonsrådgjevar Reidar Evensen
telefon: 991 62 659

Mattilsynet: Kommunikasjonsrådgjevar Lars Tore Hestad
telefon: 918 49 177

Klima- og miljødepartementet: Kommunikasjonsrådgjevar Camilla Pettersen
telefon: 951 05 064

Tema