Skadefelling er verkemiddelet der ein ikkje har lukkest i å felle jerv gjennom lisensfelling. Foto: Lars Gangås, Statens naturoppsyn

Stort uttak av jerv i år

Miljødirektoratet sitt feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) har felt 54 jervar i ekstraordinære uttak i vår. Sidan lisensfellinga starta i fjor haust er totalt 114 jervar felt.

Felling av jerv

Lisensfelling er felling et bestemt tal individ av jerv (kvote) med føremål å hindre skader på husdyr og tamrein.

Perioden for lisensfelling er frå 10. september til 15. februar.

Kvoten vert sett av den regionale rovviltnemda. I tilfelle regional bestand ligg under Stortinget sitt fastsette bestandsmål er det Miljødirektoratet som sett kvotene.

Etter avslutta lisensfellingsperiode kan Miljødirektoratet gje løyve til skadefelling for å redusere risiko for skade på husdyr og tamrein.

I tråd med Stortinget sitt rovviltforlik har Miljødirektoratet lagt ned betydeleg innsats på skadefelling ved ekstraordinære uttak av jerv vinteren 2017. Målet er å redusere skadar på sau og tamrein.

Bestanden av jerv i Noreg skal hovudsakleg bli regulert gjennom lisensfelling. Til trass for relativt høgt uttak på lisensfellinga sesongen 2016/2017 vurderte Miljødirektoratet at den i fleire område ikkje var tilstrekkeleg målretta og at jerven framleis utgjorde eit betydeleg skadepotensiale på sau og tamrein.

Prioriteringar for uttak vart gjort i samråd med dei regionale rovviltnemndene og innsatsen retta mot prioriterte beiteområde, kor det har vore tap tidlegare år og skadepotensialet er stort.

– Skader på sau frå jerv har gått mykje ned dei siste åra, men framleis er det enkelte prioriterte beiteområde kor skadane har vore høge og ein ikkje har lukkast i å felle jerv gjennom lisensfelling. Derfor har vi lagt ned så stor innsats på skadefelling, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Felte 33 prosent av bestanden

Samla sett er det felt 54 jervar på ekstraordinære uttak i Noreg 2017, ei detaljert liste over uttak har vorte kontinuerleg oppdatert på Miljødirektoratet si heimeside. Dei regionale rovviltnemndene fastsette ei lisensfellingskvote på 113 dyr for sesongen 2016/2017, og 70 dyr blei felt i løpet av lisensfellinga. Det samla uttaket på lisens- og skadefelling  – 114 jervar – utgjer 33 prosent av den berekna norske jervebestanden siste år.

De siste ti åra er mellom 20 prosent og 33 prosent av bestanden tatt ut årleg. Årets uttak er langt høgre enn maksimal tilvekst i ein jervebestand. Sjølv om det vil vere ei viss innvandring av jerv frå Sverige, må ein difor rekne med at uttaket har hatt ein reduserande effekt på bestanden.

 

Vurderer uttak fortløpande

I løpet av våren undersøkjer SNO både kjente og nye område for jervehi over heile landet. Miljødirektoratet gjer fortløpande vurderingar om det er aktuelt å gjennomføre uttak etter kvart som kjente hilokalitetar vert følgde opp og det vert rapportert om ungekull.

Hiuttak vert sett i verk medan tispa og ungane framleis har tilhald ved hiplass. Etter kvart som ungane blir større, flyttar tispa til andre delar av territoriet, og det blir ikkje mogeleg å ha oversikt over kvar dei held til. Derfor vert uttak av ungekull bestemt før ein har total oversikt over alle ynglingar.

Truleg første gang under målet

Så langt i år er det registrert 41 kull med jervekvalpar i Noreg, to ungekull over det nasjonale bestandsmålet på 39 årlege kull. I år er ti jervekull blitt tekne ut i hiuttak. Etter uttak er det altså 31 kull igjen.

I mange område i landet er det framleis mykje snø i fjellet, og erfaringsmessig vil det bli dokumentert nokre ynglingar ved undersøking på barmark av lokaliteter kor det er påvist jerv. Om talet på ynglingar registrert vidare i år er omtrent som dei siste åra, kan netto tal på jervekull for hele landet kome under det nasjonale bestandsmålet i 2017. Det vil i så fall vere første gang det skjer sidan det noverande bestandsmålet blei vedteke i 2011.

Miljødirektoratet sine vedtak om ekstraordinære uttak er å finne i Miljøvedtaksregisteret.

Kontakt

rådgivar Geir Rune Rauset, viltseksjonen
telefon: 911 19 327

Tjenester og verktøy

Tema