Lisensfelling skal vere det viktigaste verktøyet for å regulere jervebestanden.Foto: Rein-Arne Golf, Statens naturoppsyn

69 jervar felt under lisensfellinga

Samanlikna med tidlegare år er ein større del av lisenskvoten fylt denne sesongen. Det er likevel behov for ekstraordinære uttak av jerv i enkelte delar av landet for å redusere skadar på husdyr og tamrein.

Felling av jerv

  • Lisensfelling er felling et bestemt tal individ av jerv (kvote) med føremål å hindre skader på husdyr og tamrein.
  • Perioden for lisensfelling er frå 10. september til 15. februar.
  • Kvoten vert sett av den regionale rovviltnemda. I tilfelle regional bestand ligg under Stortinget sitt fastsette bestandsmål er det Miljødirektoratet som sett kvotene.
  • Etter avslutta lisensfellingsperiode kan Miljødirektoratet gje løyve til skadefelling for å redusere risiko for skade på husdyr og tamrein.
  • Våren 2016 vart det registrert 50 ungekull, og av desse vart det gjennomført 7 hiuttak (felling av tispe og/eller kvelpar i hi) av SNO. Det var dermed igjen 43 jervekull i inngangen til beitesesongen. Bestandsmålet er sett av Stortinget til 39 ungekull.

I følge Stortinget sitt rovviltforlik frå juni 2011 er det eit mål at lisensfelling skal vere hovudverkemiddel for å regulere bestanden av jerv. Jervebestanden har dei siste åra vore over det nasjonale bestandsmålet på 39 årlege ungekull.

Samla sett vart det under lisensfellingsperioden frå 10. september til 15. februar felt 69 dyr av ei kvote på 113 dyr fastsett av dei regionale rovviltnemndene. 10 av desse vart felt av Miljødirektoratet sitt feltapparat Statens naturoppsyn (SNO) ved ekstraordinære uttak og trekt frå lisenskvoten.

Større del av lisenskvoten fylt

Det har lengje vore eit mål å gjere lisensfelling av jerv meir effektiv. Samanlikna med tidlegare år er ein større del av lisenskvoten fylt denne sesongen (sjå figur lenger nede i saka). Dette kjem som følge av godt utfall av  lisensfellinga samtidig som kvotane har blitt redusert.

– Lisensfelling skal vere det viktigaste verktøyet for å regulere jervebestanden. Det er framleis rom for betring, men det er positivt at det i år er tatt ut ein større del av kvotane, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Klima- og Miljødepartementet (KLD) sette frå hausten 2015 i verk ei prøveordning for meir effektiv lisensfelling av jerv. Endringane inkluderer utprøving av kunstig lys på åte og kamera/elektronisk overvaking av jervebås. Prøveperioden gjeld fram til 15. februar 2018. Resultat av prøveprosjekta vil etter kvart gje informasjon om desse har ført til betre utteljing av lisensfellinga.  

Sjølv om jakta har vorte meir effektiv, står det att mykje av kvotane i enkelte regionar. Noko av forklaringa er at kvotane der har vore sett høgre enn bestandssituasjonen skulle tilseie. Nemndene har grunngjeve dette med at kvoten ikkje skal vere til hinder for uttak i område der det ikkje er mål om bestand av jerv.

 Aktuelt med ekstraordinære uttak i fleire område

For å redusere framtidige skadar på husdyr og tamrein i prioriterte beiteområder har det siste åra vore nødvendig med ekstraordinære uttak av jerv i regi av Statens naturoppsyn. I slike tilfelle vil SNO kunne nytte verkemiddel som felling frå helikopter og uttak av tispe og kvelpar frå hi.

- Vi vurderer no bestandssituasjonen etter lisensfelling, jerveskader på sau og tamrein sist beitesesong og potensialet for skader i kommande beitesesong. Vi har allereie sett i verk ekstraordinære uttak i Finnmark, Nord-Trøndelag, Hedmark og Oppland. I tillegg vil det vere aktuelt å sette i verk ekstraordinære uttak i delar av Nordland, Troms og på Vestlandet, seier Hambro.

Fellingar vert kontinuerleg registrert på denne sida. Her kan du òg lese meir om overvakingsarbeidet og vurderingane som fører til fellingsvedtak.

Relaterte lenker

Kontakt

rådgiver Geir Rune Rauset, viltseksjonen
telefon: 911 19 327

Tema