Ekstremværet Synne: Flaumen i Fedaelven i Kvinesdal i 2015 gjorde store skadar på hus og annan infrastruktur. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Kommunane rustar seg mot klimaendringar

Kvinesdal kommune skal gjere ein bølgjestudie i Fedafjorden. Drammen skal innhente kunnskap og erfaringar frå bruk av regnbed. Begge tilpassar seg til eit endra klima.

Slik kan klimaet endre seg

Dersom utviklinga i klimagassutslepp fortset som i dag, reknast følgjande medianverdiar for klimaendringar for Noreg fram mot slutten av dette hundreåret:

  • Årstemperatur: Auke på ca. 4,5 gradar.
  • Årsnedbør: Auke på ca. 18 prosent.
  • Styrtregnepisodane blir kraftigare og vil skje hyppigare.
  • Regnflaumane blir større og kjem oftare.
  • Snøsmelteflaumane blir færre og mindre.
  • I lågtliggande område vil snøen bli nesten borte i mange år, mens det i høgfjellet kan bli større snømengder i enkelte område.
  • Det blir færre isbrear, og dei som er igjen blir mykje mindre.
  • Havnivået aukar med mellom 15 og 55 centimeter - avhengig av lokalitet.

 

Kvinesdal og Drammen er to av til saman 15 kommunar og fylkeskommunar som får tilskot til arbeidet med klimatilpassing i 2017. Til saman får kommunane 6,4 millionar kroner frå tilskotsordninga for klimatilpassing som Miljødirektoratet forvaltar på vegner av Klima- og miljødepartementet. 

Styrke kommunane sin kunnskap

Det er tredje år på rad Miljødirektoratet deler ut tilskot til klimatilpassingsarbeid i kommunane.
-Midlane skal gå til å auke kunnskapen om korleis klimaendringar rører kommunen eller fylkeskommunen sine ansvarsområde, eller utgreiingar om kva tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane, seier Ellen Hambro.

Handtering av meir vatn

Framover i dette hundreåret er nedbørsmengda i Noreg venta å auke med ytterlegare 20 prosent, og nedbørsmengdene blir meir intense og kjem hyppigare.

Meir nedbør og meir ekstreme nedbørshendingar er ei utfordring for mange kommunar. Handtering av, flaum, overvatn, og havnivåstigning, er det dei alle fleste har fått stønad til frå årets tilskotspott.

Kvinesdal kommune har fått stønad til å utføre ein bølgjestudie. Kommunen skal oppdatere føresegna i arealdelen til kommuneplanen etter at nytt kunnskapsgrunnlag for havnivåstigning og stormflo blei publisert i 2015. Kommunen har fått stønad til å utgreie kva tyding bølgjar vil ha ved utforming av føresegn om byggjehøgd over havet i områderegulering for Feda. Kvinesdal er fyrste kommune som får stønad til ein slik studie.

Drammen kommune har fått tilskot til å undersøkje korleis eit nyetablert regnbed, med plantar som likar mykje vatn, fungerer. Dei skal mellom anna undersøkje kor mykje vatn regnbedet tek unna, kor mykje forureining som blir akkumulert i jorda, om regnbedet har reinseeffekt på tungmetall og salttoleransen til dei ulike plantene.

Prosjektet skal blant anna gi verdifull erfaring til andre planlagte prosjekt med regnbed i Drammen.

Kristiansand kommune har fått stønad til arbeid med ein klimatilpassingsstrategi. Kommunen skal utgreie effektane eit endra klima kan få for blant anna arealbruk og byutvikling, helse, naturmiljø og infrastruktur. Strategien vil bli eit grunnlagsdokument for kommuneplanen i Kristiansand, og det leggjast opp til deling av erfaringar til nabokommunane.

Ringverknader

Årets tildeling viser at tilskot til prosjekt i ein kommune gir ringverknader til andre kommunar.

I 2015 fekk for eksempel Asker og Bærum stønad frå tilskotsordninga til arbeid med å lage ein plan for korleis kommunane kan ruste seg mot ekstremnedbør. I år følgjer Asker opp med ei utgreiing av elva Hegga i Heggedal sentrum. Resultata av arbeidet skal delast med nabokommunen, Røyken, som mottok midlar i 2016 for kartlegging lenger ned i vassdraget.

Fylkeskommunen i Østfold hentar inspirasjon frå ei vellukka samarbeidsform i Trøndelag og dannar sitt eige kommunenettverk. Nettverket skal styrkje kommunane sitt arbeid og interkommunale samarbeid med klimatilpassing.

I nettverket skal kommunen arbeide med risiko- og sårbarheitsanalyser, innarbeiding av klimatilpassing i det kommunale plan- og verkemiddelapparatet og lage oversikt over relevante klimatilpassingstiltak. 

Prosjektet skal også utarbeide ein modell for forankring og læring om klimatilpassing mellom storbykommunar og mindre nabokommunar basert på erfaringar frå både Trøndelagsnettverket og frå Østfoldnettverket.

Aust - og Vestlandet

To fylkeskommunar og 13 kommunar har motteke stønad frå årets tilskotsordning. Midlane fordeler seg jamt mellom byer og landkommunar og mellom små og større kommunar.

Vi har teke imot 22 søknader for om lag 10 millionar kroner. 

Bortsett frå Troms fylkeskommune og ein kommune i Trøndelag ligg alle kommunane på Vestlandet og Austlandet.

-Vi har ikkje motteke søknader frå kommunane i Nord-Noreg, men oppmodar sterkt kommunar i denne delen av landet til å søkje ved neste korsvei, seier Ellen Hambro.

Relaterte lenker

KONTAKT

sjefingeniør Herdis Laupsa, seksjon for klimatilpasning og lokale klimatiltak, telefon: 930 69 271

seniorrådgiver Einar Flaa, seksjon for klimatilpasning og lokale klimatiltak, telefon: 901 239 11

Tjenester og verktøy