Førebelse tal frå overvakinga syner ein tydeleg nedgang i talet på jervkull sidan i fjor. Foto: Stein Ø. Nilsen

113 jervar kan fellast på lisens

10. september startar perioden for lisensfelling av jerv. Den samla kvota sett av rovviltnemndene er tydeleg redusert sidan lisensfellinga i fjor.

Fakta

  • Jerven er ein freda art i Noreg og vert regulert etter nasjonalt mål for tal på dyr, som er 39 årlege ungekull.
  • Samla bestand vert rekna ut frå talet observerte ynglingar/ungekull, gjennomsnitt siste dei tre år. I 2015 vart den norske jervbestanden utrekna til 336 (284–427) vaksne jervar.
  • Lisensfelling: Skademotivert felling av eit bestemt tal individ av ein viltart, med heimel i viltlova § 12. Kvoten er fastsett av offentleg myndigheit, og det blei kravt at jegeren er registrert som lisensjeger i Jegerregisteret for å kunne delta.

Stortinget har vedteke at lisensfelling er det primære forvaltingsverktøyet for å regulere jervbestanden, og dermed avgrense tap av bufe og tamrein.

For jerv har vi eit nasjonalt mål for tal på dyr vedteke av Stortinget - 39 jervkull - som er fordelte på eigne mål for kvar rovviltregion. Då målet er nådd for alle regionane, er det dei respektive rovviltnemndene som fastset kvotar.

Samla sett er kvotane reduserte sidan i fjor - totalt 113 jamført med 141 i fjor.

Førebelse tal frå overvakinga syner ein tydeleg nedgang i talet på jervkull sidan i fjor, med 47 observerte jervkull per 29.08.2016, jamført med 65 i fjor.

Av desse 47 har Miljødirektoratet hjå Statens naturoppsyn (SNO) gjennomført ekstraordinære uttak av jervtispe og/eller ungar ved sju hiuttak, i tillegg til uttak av 19 einskilde vaksne jervar vinteren 2016.

Talet på jervkull kan bli endra når endeleg rapport frå Rovdata kjem 1. oktober.

Kvotar lisensfelling jerv 2016/2017

I tillegg har mange av rovviltnemndene spesifisert ytterlegare reglar for gjennomføring av jakta, til dømes inndeling i forvaltingsområde med eigne kvotar. Lenkje til nemndene sine vedtak finn ein i og nemndene sine sekretariat hjå fylkesmannen.

Lisensfelling

Alle som skal delta i lisensfelling må registrere seg som lisensjeger i Jegerregisteret. Lisensjegerar må ha fylt 18 år, ha betalt jegeravgift for det noverande jaktåret og ha overhalde rapporteringsplikta ifølgje forskrift av 18. mars 2005 om forvalting av rovvilt §16.

Lisensfellingsperioden for jerv er frå 10. september til og med 15. februar.

Kontinuerleg og oppdatert informasjon om tal på dyr som er att på kvota får ein ved å ringje vakttelefonen hjå Fylkesmannen i det respektive fylket. Jaktutøvarane pliktar å setje seg inn i gjeldande reglar og halde seg kontinuerleg oppdaterte om tal på dyr på kvoten.

Relaterte lenker

Kontakt

seniorrådgiver Susanne Hanssen, viltseksjonen
telefon: 977 87 700

rådgiver Geir Rune Rauset, viltseksjonen

Tjenester og verktøy

Tema