Luftforureining: Noreg overvaker utslepp frå smelteverka på Kola-halvøya, mellom anna Nikel. Foto: Miljødirektoratet.

Framleis høge nivå av svoveldioksid og tungmetall i Øst-Finnmark

Nivåa av svoveldioksid og tungmetall i luft er høgare i grenseområda mot Russland enn elles i landet. Det viser måleresultata frå 2014. Konsentrasjonane er likevel under grenseverdiane sett i norsk og europeisk regelverk.

Norsk institutt for luftforsking (NILU) gjennomfører overvakingsprogrammet i grenseområda mot Russland på oppdrag for Miljødirektoratet. Rapporten for 2014 er no klar.

Nikkel og Zapoljarnij

Programmet overvaker fleire stoff som blir slopne ut i dei russiske industribyane Nikel og Zapoljarnij og spreidde med vinden til den austlege delen av Finnmark.

Blant stoffa er svoveldioksid og tungmetall som blir regulerte i forskrift om lokal luftkvalitet. I 2014 vart ikkje grenseverdiane i denne forskrifta overskridd.

Det var likevel fleire episodar med høgare nivå av svoveldioksid enn i 2013. Nivåa av tungmetall var likevel lågare i 2014. 

Dialog med Russland

Nedfallet av tungmetall auka i 2004, og har sidan vore høgare enn i dei føregåande åra.

Både auka nedfall av tungmetall og episodar med høge nivå av svoveldioksid gjer at norsk miljøforvalting følgjer utviklinga. Vi samarbeider også med russisk miljøovervaking om kartlegging av miljøstatus i grenseområdet. 

Resultata frå overvakinga er viktig dokumentasjon i dialogen med russiske styresmakter om å få gjennomførd tiltak for å redusere utsleppa.

Dersom utsleppa blir reduserte, vil det føre til vesentleg forbetring av miljøet også på russisk side av grensa der forureininga er mykje høgare enn på norsk side.

Relaterte lenker

KONTAKT

seksjonsleiar Siri Sorteberg transport og bymiljø
telefon: 952 73 083

rådgjevar Sigmund Guttu transport og bymiljø
telefon: 452  67 143

Tema