Statoil Mongstad søkjer om endringar i løyve (2016/475)

Miljødirektoratet har motteke informasjon om Statoil Mongstads utslepp av prioriterte stoff. Verksemda sitt løyve seier at utslepp av slike stoff skal vêre spesifikt regulert i løyvet, sjølv ved utslepp av små mengder. Statoil Mongstad har løyve til raffinering av råolje og drift av kraftvarmeverk og ligg i Lindås kommune i Hordaland.

I følgje løyvet til verksemd etter forureiningslova punkt 2.1 er prioriterte miljøgifter berre omfatta av løyvet dersom det er spesifikt skreve der. Dette har tidlegare ikkje vore handheva tilstrekkeleg strengt av Miljødirektoratet, og fleire verksemder har no fått pålegg om å sende opplysningar om utsleppa sine av desse stoffa.

Statoil Mongstad har sendt oss slik informasjon i brev av 27. juni 2017 og ber om at desse komponentane blir tekne inn i løyvet. Verksemda understrekar at det kan vêre store variasjonar i råstoff som blir prosessert, og at det derfor kan vêre vanskeleg å stadfeste nøyaktige årlege utslepp. Dei søkjer derfor på bakgrunn av tidlegare målingar.

Søknaden er lagd ut til offentleg innsyn hos Lindås kommune. Dokumenta i saka og skjema for å gje elektronisk tilbakemelding finn du på denne sida. Høyringsdokumenta finn du i høgremenyen.

Det er også mogleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til Miljødirektoratet, postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.

Fristen for å gje tilbakemelding er 15. september 2017.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Tema

Relaterte lenker