Statoil Mongstad søkjer om endringar i løyve (2016/475)

Miljødirektoratet har mottatt søknad frå Statoil Mongstad om endring i løyva til verksemd etter forureiningslova på  punkta om produksjonsforhold, beredskap og behandling av farleg avfall. Statoil Mongstad har løyve til raffinering av råolje og drift av kraftvarmeverk og ligg i Lindås kommune i Hordaland.

Verksemda fekk 19. mars 2015 løyve til å behandle enkelte typar farleg avfall frå boreplattformer og skip i anlegget sitt for reinsing av  oljeforureina vatn. Verksemda har sidan bedt om at dette løyvet vert trekt, ettersom Statoil Mongstad ikkje ønskjer å verte regulert som eit mottak for behandling av farleg avfall, men berre som eit raffineri. No har verksemda vurdert at dei likevel ønskjer moglegheit til å behandle slikt avfall, men søkjer om ei endring av tillatne avfallsfraksjonar, samt unntak frå enkelte krav som vert stilt til verksemder som behandlar farleg avfall. 

Verksemda søkjer og om ei endring av krav til effektiv beredskap.

Søknaden er lagt ut til offentleg innsyn hos Lindås kommune. Dokumenta i saka og skjema for å gje elektronisk tilbakemelding finn du på denne sida. Høyringsdokumenta ligg i høgremenyen.

Det er også mogleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til Miljødirektoratet, PB 5672 Sluppen, 7685 Trondheim. Fristen for å gje tilbakemelding er 15. august 2017.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Tema

Relaterte lenker