ARISE (ADRS) søkjer om gjenvinning og resirkulering (2018/8747)

ARISE Dynamic Rig Supply AS har søkt om løyve etter forureiningslova til å etablere anlegg for gjenvinning og resirkulering av utrangerte offshoreinstallasjonar i Gulen Industrihamn, Mækjevikane, i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Det blir søkt om løyve til mottak av inntil 75.000 tonn årleg av marine og landbaserte konstruksjonar for miljøsikra opparbeiding og opphogging. Det blir også søkt om lagring av inntil 300 tonn med farleg avfall til einkvar tid, samt løyve til montering, modifikasjonar og ferdigstilling av konstruksjonar som skal takast i bruk.

Konstruksjonar til opparbeiding skal takast i land, og demontering skal utførast på område med fast tett dekke, med oppsamling av avrenning/vatn som blir leitt til reinseanlegg og vidare ut i Fensfjorden.

Saksdokument og skjema for å gi elektronisk høyringsfråsegn finst på denne sida. Høyringsdokumenta ligg i høgremenyen.

Det er også mogeleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til: Miljødirektoratet, Postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim.

Søknaden er også lagd ut til offentleg høyring på ekspedisjonsavdelinga i rådhuset i Gulen kommune og på heimesida til kommunen.

Frist for tilbakemelding er måndag 10. desember 2018.

Send inn høringskommentar

Uttalelse fra:  
Firma /
Organisasjon:
 
E-post:  
Emne:  
Uttalelse:
Last opp dokumenter:

NB! Høringskommentarer som lastes opp i skjemaet sendes automatisk til Miljødirektoratet og blir synlig under uttalelser på denne siden.

Høringsdokumenter

Høringsuttalelser

Tema

Relaterte lenker